2 «Fullfør hemnen frå israelittane over midjanittane! Sidan skal du sameinast med folket ditt.»
3 Då sa Moses til folket: «Nokre av dykk må væpna seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei.
4 Tusen mann frå kvar stamme, frå alle stammane i Israel, skal de senda ut i striden.»
5 Så vart tusen mann frå kvar stamme valde ut frå Israels tusen, i alt tolv tusen mann væpna til strid.
6 Dei sende Moses ut i strid, tusen mann frå kvar stamme. Saman med dei i striden gjekk Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg tinga frå heilagdomen og signaltrompetane.
7 Dei gjekk til strid mot Midjan, slik Herren hadde pålagt Moses, og drap alle mennene der.
8 I tillegg til dei andre som fall, drap dei Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba. Det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira.