41 Avgifta som var ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, slik Herren hadde pålagt Moses.
42 Den halvparten som fall på israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane,
43 den halvparten som forsamlinga fekk, var 337 500 småfe,
44 36 000 storfe,
45 30 500 esel
46 og 16 000 menneske.
47 Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.