44 36 000 storfe,
45 30 500 esel
46 og 16 000 menneske.
47 Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.
48 Så gjekk befalingsmennene over hæravdelingane fram for Moses, både tusenmannsførarane og hundremannsførarane.
49 Dei sa til han: «Tenarane dine har talt opp dei krigarane vi hadde hand om, og det vanta ikkje ein mann.
50 No kjem vi med eit offer til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hos Herren.»