51 Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting.
52 Gullet som tusenmannsførarane og hundremannsførarane bar fram som offergåve til Herren, var i alt 16 750 sjekel.
53 Men det byttet som krigarane hadde vunne, tok dei sjølve.
54 Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i teltheilagdomen. Det skulle vera ei påminning om israelittane for Herrens andlet.