6 Dei sende Moses ut i strid, tusen mann frå kvar stamme. Saman med dei i striden gjekk Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg tinga frå heilagdomen og signaltrompetane.
7 Dei gjekk til strid mot Midjan, slik Herren hadde pålagt Moses, og drap alle mennene der.
8 I tillegg til dei andre som fall, drap dei Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba. Det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira.
9 Israelittane førte bort kvinnene og småborna i Midjan som fangar. Alle husdyra, heile buskapen og all rikdomen deira tok dei som krigsbytte.
10 Dei sette eld på alle teltleirane og alle byane dei budde i.
11 Og dei tok med seg alt krigsbyttet og alt dei hadde teke, både av menneske og av dyr.
12 Fangane, krigsbyttet og det dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels forsamling, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.