12 – ingen utan Kaleb, son til Jefunne av Kenas-slekta, og Josva, son til Nun. For dei har følgt Herren trufast.
13 Og Herrens vreide flamma opp mot Israel, så han lét dei flakka omkring i ørkenen i førti år, til det var borte, heile det slektsleddet som hadde gjort det som vondt var i Herrens auge.
14 Sjå, no står de her akkurat som fedrane dykkar, de syndar-avkom, og gjer Herrens brennande vreide mot Israel endå større!
15 For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»
16 Då kom dei fram til han og sa: «Vi vil laga kveer for feet vårt her og byggja byar for borna våre.
17 Sjølve vil vi væpna oss til strid så snøgt vi kan, og gå føre israelittane til vi har ført dei dit dei skal. Men borna våre skal vera att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.
18 Vi skal ikkje venda heim att før alle israelittar har fått eigedom, kvar og ein sin del.