15 For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»
16 Då kom dei fram til han og sa: «Vi vil laga kveer for feet vårt her og byggja byar for borna våre.
17 Sjølve vil vi væpna oss til strid så snøgt vi kan, og gå føre israelittane til vi har ført dei dit dei skal. Men borna våre skal vera att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.
18 Vi skal ikkje venda heim att før alle israelittar har fått eigedom, kvar og ein sin del.
19 For vi vil ikkje ta land saman med dei på andre sida av Jordan og lenger borte når vi får vår eigedom her på austsida av Jordan.»
20 Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de væpnar dykk til krig for Herren
21 og alle stridsbudde menn mellom dykk fer over Jordan for Herren heilt til han har drive fiendane sine bort,