19 For vi vil ikkje ta land saman med dei på andre sida av Jordan og lenger borte når vi får vår eigedom her på austsida av Jordan.»
20 Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de væpnar dykk til krig for Herren
21 og alle stridsbudde menn mellom dykk fer over Jordan for Herren heilt til han har drive fiendane sine bort,
22 og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet skal vera dykkar eigedom for Herrens andlet.
23 Men gjer de ikkje dette, sjå, då syndar de mot Herren. Vit at synda skal finna dykk att.
24 Bygg byar for borna dykkar og lag kveer for småfeet, men det som munnen har lova, må de òg gjera!»
25 Då sa Gad-sønene og Ruben-sønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har bode, herre.