2 kom dei til Moses og presten Elasar og til leiarane i forsamlinga og sa:
3 «Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, Elale, Sebam, Nebo og Beon,
4 desse landområda som Herren har vunne for Israels forsamling, er godt høvelege til fedrift, og vi, tenarane dine, har fe.
5 Om du ser på oss med velvilje», sa dei, «så lat tenarane dine få dette landet til eigedom. Lat oss sleppa å dra over Jordan!»
6 Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her?
7 Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei?
8 Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet.