22 og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet skal vera dykkar eigedom for Herrens andlet.
23 Men gjer de ikkje dette, sjå, då syndar de mot Herren. Vit at synda skal finna dykk att.
24 Bygg byar for borna dykkar og lag kveer for småfeet, men det som munnen har lova, må de òg gjera!»
25 Då sa Gad-sønene og Ruben-sønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har bode, herre.
26 Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera att her i byane i Gilead.
27 Men vi, tenarane dine, alle som er væpna til strid for Herren, skal dra over i krigen slik du har sagt, herre.»
28 Så gav Moses påbod om dei til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i Israel-stammane.