28 Så gav Moses påbod om dei til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i Israel-stammane.
29 Moses sa til dei: «Dersom Gad-sønene og Ruben-sønene går over Jordan saman med dykk, alle som er væpna til krig for Herren, og de legg landet under dykk, då skal de la dei få Gilead-landet til eigedom.
30 Men dersom krigarane ikkje går over saman med dykk, skal dei få eigedom blant dykk i Kanaan-landet.»
31 Gad-sønene og Ruben-sønene svara: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera.
32 Vi skal dra over til Kanaan-landet, væpna til strid for Herren. Då får vi vår eigedom på denne sida av Jordan.»
33 Så lét Moses Gad-sønene, Ruben-sønene og halvparten av stammen til Manasse, son til Josef, få riket til amorittkongen Sihon og riket til Og, kongen i Basan. Dei fekk landet med byane der og dei landområda som grensa mot byane, landet omkring.
34 Gad-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer,