33 Så lét Moses Gad-sønene, Ruben-sønene og halvparten av stammen til Manasse, son til Josef, få riket til amorittkongen Sihon og riket til Og, kongen i Basan. Dei fekk landet med byane der og dei landområda som grensa mot byane, landet omkring.
34 Gad-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer,
35 Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha,
36 Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet.
37 Og Ruben-sønene bygde opp att Hesjbon, Elale, Kirjatajim,
38 Nebo, Baal-Meon og Sibma. Men namna vart endra. Dei gav nye namn til byane dei bygde.
39 Etterkomarane av Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet i eige og dreiv bort amorittane som budde der.