6 Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her?
7 Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei?
8 Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet.
9 Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, gjorde dei israelittane motlause, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.
10 Den dagen flamma Herrens vreide opp, og han svor:
11 Ingen av dei mennene som drog opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg svor å gje til Abraham, Isak og Jakob, for dei har ikkje følgt meg trufast
12 – ingen utan Kaleb, son til Jefunne av Kenas-slekta, og Josva, son til Nun. For dei har følgt Herren trufast.