1 Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då dei drog ut frå Egypt, hæravdeling for hæravdeling, leia av Moses og Aron.
2 På Herrens ord skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på dagsmarsjane sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:
3 Dei braut opp frå Ramses på den femtande dagen i den første månaden. Dagen etter påskehøgtida drog israelittane av stad med lyft hand, midt for auga på alle egyptarane.
4 Egyptarane heldt då på og gravla alle sine førstefødde, som Herren hadde slege i hel hos dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.
5 Israelittane braut opp frå Ramses og slo leir i Sukkot.
6 Frå Sukkot braut dei opp og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av ørkenen.
7 Frå Etam braut dei opp og tok ei anna lei mot Pi-Hahirot, som ligg midt imot Baal-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.