47 Frå Almon-Diblatajim braut dei opp og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.
48 Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
49 Leiren deira låg langsmed Jordan, frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.
50 Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa:
51 Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan-landet,
52 skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund gudebileta deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.
53 Så skal de ta landet og busetja dykk der. For eg har gjeve landet til dykk så de kan ta det i eige.