49 Leiren deira låg langsmed Jordan, frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.
50 Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa:
51 Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan-landet,
52 skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund gudebileta deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.
53 Så skal de ta landet og busetja dykk der. For eg har gjeve landet til dykk så de kan ta det i eige.
54 De skal fordela landet mellom dykk ved loddkasting, slekt for slekt. Ei stor slekt skal få større eigedom og ei lita slekt mindre eigedom til arv. Kvar slekt skal få etter som loddet fell. De skal få arv innanfor den stammen som de høyrer til.
55 Men driv de ikkje ut dei som bur i landet, då skal dei de sparer, bli tornar i auga og broddar i sida dykkar. Dei kjem til å gå til åtak på dykk inne i landet der de har slått dykk ned.