9 Frå Mara braut dei opp og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.
10 Frå Elim braut dei opp og slo leir ved Sivsjøen.
11 Frå Sivsjøen braut dei opp og slo leir i Sin-ørkenen.
12 Frå Sin-ørkenen braut dei opp og slo leir i Dofka.
13 Frå Dofka braut dei opp og slo leir i Alusj.
14 Frå Alusj braut dei opp og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka.
15 Frå Refidim braut dei opp og slo leir i Sinai-ørkenen.