15 Desse to stammane og den eine halve stammen har teke sin eigedom på andre sida av Jordan, rett imot Jeriko, på austsida, mot soloppgangen.
16 Herren sa til Moses:
17 Her er namna på dei mennene som skal skifta landet mellom dykk: presten Elasar og Josva, son til Nun,
18 og så skal de ta ut ein leiar for kvar stamme til å fordela landet.
19 Her er namna på desse mennene: for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne;
20 for Simon-stammen Samuel, son til Ammihud;
21 for Benjamin-stammen Elidad, son til Kislon;