1 Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa:
2 Du skal gje israelittane påbod om å gje levittane noko av sin eigedom til arv. De skal gje levittane byar å bu i og beitemarker kring desse byane.
3 I byane skal dei bu, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, alle dyra dei eig.
4 Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar.
5 Utanfor byen skal de måla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.
6 Byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fribyane de set av så drapsmenn kan rømma dit; dessutan skal de gje dei førtito andre byar.