14 Tre av byane skal de ta på den andre sida av Jordan og tre i Kanaan. Dei skal vera fribyar.
15 Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan rømma dit.
16 Om nokon tek ein jernreiskap og slår ein annan i hel, er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.
17 Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.
18 Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.
19 Det er blodhemnaren som skal slå drapsmannen i hel. Når han finn han, skal han drepa han.
20 På same måten skal det vera om nokon hatar ein annan og støyter til han eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr,