22 Så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han utan vond vilje.
23 Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt.
24 Då skal forsamlinga dømma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse forskriftene:
25 Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje.
26 Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til,
27 og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld.
28 For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten døyr. Når øvstepresten er død, kan han fara heim att til den jorda han eig.