29 Dette skal gjelda for lov og rett hos dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
30 Når nokon slår i hel eit menneske, skal drapsmannen drepast så sant det er vitne mot han. Men ingen skal døy etter éin manns vitnemål.
31 De skal ikkje ta imot løysepengar for å berga livet til ein drapsmann som er skuldig til å døy. Han skal straffast med døden.
32 De skal ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, slik at han kan venda heim att og bu i landet før øvstepresten er død.
33 De skal ikkje vanhelga det landet de bur i, for blod vanhelgar landet. Og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der, utan ved blodet til den som auste ut blod.
34 De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint. For der har eg min bustad. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane.