7 I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker.
8 Når de tek desse byane av eigedomen til israelittane og gjev dei, skal de ta meir frå dei store og mindre frå dei små stammane. Kvar stamme skal gje levittane byar etter som dei har fått land til eige.
9 Herren sa til Moses:
10 Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og inn i landet Kanaan,
11 skal de velja ut nokre byar som skal vera fribyar for dykk. Dit kan ein drapsmann rømma om han har slege einkvan i hel av vanvare.
12 Desse byane skal vera fristader for den som rømmer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rette for forsamlinga og fått sin dom.
13 Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera fribyar.