1 Leiarane for familiane i slekta til Gilead kom fram. Gilead var son til Makir, Manasses son, og høyrde til Josef-slektene. Dei tok til orde framfor Moses og leiarane, overhovuda for familiane blant israelittane,
2 og sa: Herren påla deg, herre, å fordela landet mellom israelittane ved loddkasting. Og du, herre, er òg pålagd av Herren at du skal la døtrene til Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin.
3 Men blir dei gifte med menn frå dei andre stammane i Israel, blir arven deira teken frå eigedomen som fedrane våre eigde, og lagd til den stammen dei no skal tilhøyra. Han blir teken bort frå den eigedomen vi fekk ved loddkasting.
4 Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.
5 Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.
6 Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.