10 Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde pålagt Moses.
11 Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine.
12 Dei fekk menn frå slektene etter Manasse, son til Josef. Slik kom eigedomen deira til å følgja den stammen og den slekta fedrane deira høyrde til.
13 Dette er dei bod og forskrifter som Herren påla israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.