3 Men blir dei gifte med menn frå dei andre stammane i Israel, blir arven deira teken frå eigedomen som fedrane våre eigde, og lagd til den stammen dei no skal tilhøyra. Han blir teken bort frå den eigedomen vi fekk ved loddkasting.
4 Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.
5 Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.
6 Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.
7 Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine.
8 Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine.
9 Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»