5 Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.
6 Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.
7 Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine.
8 Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine.
9 Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»
10 Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde pålagt Moses.
11 Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine.