1 Herren sa til Moses og Aron:
2 Tel opp Kehat-sønene, som høyrer til levittane, slekt for slekt og familie for familie,
3 alle menn som er mellom tretti og femti år, alle som skal gjera pliktteneste og utføra arbeid ved teltheilagdomen.
4 Dette er tenesta til Kehat-sønene ved teltheilagdomen: Dei skal ta seg av det høgheilage.
5 Når leiren skal bryta opp, skal Aron og sønene hans koma og ta ned det forhenget som skjermar, og breia det over kista med vitnemålet.
6 Dei skal leggja ein duk av fint skinn på kista og deretter breia over henne eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i.
7 Over bordet med skodebrød skal dei breia eit klede i fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, krukkene og kannene for drikkofferet. Også brødet som alltid ligg framme, skal vera der.