11 Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja det med eit teppe av fint skinn og setja berestengene i.
12 Alle tinga som dei bruker når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei ta og leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av fint skinn og setja dei på ei båre.
13 Dei skal ta bort den feite oska frå altaret og breia eit purpurraudt klede over det.
14 Oppå det skal dei leggja alle tinga som dei bruker når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuffene og offerskålene, alle tinga som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av fint skinn over det og setja berestengene i.
15 Når Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle tinga der, skal leiren brytast. Då skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra ved det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer teltheilagdomen til.
16 Elasar, son til Aron, presten, har ansvaret for lampeoljen, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha ansvar for heile bustaden og alt som er i han, både heilagdomen og tinga der.
17 Herren sa til Moses og Aron: