14 Oppå det skal dei leggja alle tinga som dei bruker når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuffene og offerskålene, alle tinga som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av fint skinn over det og setja berestengene i.
15 Når Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle tinga der, skal leiren brytast. Då skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra ved det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer teltheilagdomen til.
16 Elasar, son til Aron, presten, har ansvaret for lampeoljen, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha ansvar for heile bustaden og alt som er i han, både heilagdomen og tinga der.
17 Herren sa til Moses og Aron:
18 De må ikkje la Kehats slektsgrein bli skoren bort frå stammen til levittane!
19 For at dei skal berga livet og ikkje døy når dei kjem nær det høgheilage, skal de gjera slik med dei: Aron og sønene hans skal gå og seia til kvar einskild av dei kva dei skal gjera, og kva dei skal bera.
20 Men Kehat-sønene må ikkje gå inn og sjå det heilage, ikkje så mykje som ein augneblink. For då skal dei døy.