20 Men Kehat-sønene må ikkje gå inn og sjå det heilage, ikkje så mykje som ein augneblink. For då skal dei døy.
21 Herren sa til Moses:
22 Gersjon-sønene skal du òg telja opp, familie for familie og slekt for slekt.
23 Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra, alle som kan gjera pliktteneste. Dei skal arbeida ved teltheilagdomen.
24 Dette er det Gersjon-slektene har til oppgåve å gjera og bera:
25 Dei skal bera teltdukane som høyrer bustaden til, dei som dekkjer teltheilagdomen: teppet av fint skinn som ligg over han, og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen,
26 dessutan omhenget rundt føregarden og forhenget framfor porten til føregarden som er kring bustaden og altaret, og snorene og alle tinga som dei treng til arbeidet. Dei skal gjera alt arbeidet med dette.