41 Dette er dei av Gersjon-slektene som vart mønstra, alle som gjorde arbeid ved teltheilagdomen, og som Moses og Aron mønstra på Herrens ord.
42 Så vart Merari-sønene og slektene deira mønstra, slekt for slekt og familie for familie.
43 Alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste, skulle utføra arbeid ved teltheilagdomen.
44 Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt, var 3200.
45 Dette er dei av Merari-slektene som vart mønstra, dei som Moses og Aron mønstra på Herrens ord gjennom Moses.
46 No hadde Moses og Aron og Israels leiarar mønstra levittane, slekt for slekt og familie for familie,
47 alle menn mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta, og alle som skulle arbeida ved teltheilagdomen og bera det som høyrer til.