1 Herren sa til Moses:
2 «Du skal påleggja israelittane å senda bort frå leiren alle med hudsjukdom, alle med utflod og alle som er ureine etter å ha rørt ved lik.
3 Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå utanfor leiren så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.»
4 Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut av leiren. Som Herren sa til Moses, slik gjorde israelittane.
5 Herren sa til Moses:
6 Sei til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei synd mot eit anna menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg,
7 då skal dei vedkjenna synda dei har gjort. Så skal dei gje fullt vederlag for ugjerninga og ein femtedel i tillegg til den dei har gjort urett mot.