11 Herren sa til Moses:
12 Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avvegar og er utru mot mannen sin,
13 og ein annan mann har samleie med henne. Men mannen hennar veit ikkje om det, for ho har gjort seg urein i det skjulte. Det er ikkje vitne, og ho blir ikkje teken på fersk gjerning.
14 Men så kjem det sjalusi over mannen, og han får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at det kjem sjalusi over mannen så han mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein.
15 Då skal mannen ta kona si med seg til presten og bera fram offer for henne, ein tiandedels efa byggmjøl. Han skal ikkje slå olje over det og ikkje leggja røykjelse på. For det er eit matoffer for sjalusi og eit påminningsoffer om synd.
16 Presten skal føra kvinna fram og stilla henne framfor Herrens andlet.
17 Så skal han henta heilagt vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i bustaden, og ha det oppi vatnet.