20 Men har du kome på avvegar frå mannen din og gjort deg urein, og har ein annan enn mannen din lege med deg»
21 – og no skal presten ta kvinna i eid med forbanningseiden og seia til henne: «må Herren gjera deg til eit teikn på forbanning midt blant folket ditt, må Herren la underlivet ditt falla ned og morslivet svella opp.
22 Må forbanningsvatnet koma ned i innvolane dine, så morslivet svell opp og underlivet fell ned.» Og kvinna skal seia: «Amen, amen.»
23 Desse forbanningseidane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet.
24 Og han skal la kvinna drikka av det beiske forbanningsvatnet så det kan koma inn i henne og gje beisk smerte.
25 Så skal presten ta grødeofferet for sjalusi ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens andlet og bera det fram til altaret.
26 Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet.