7 då skal dei vedkjenna synda dei har gjort. Så skal dei gje fullt vederlag for ugjerninga og ein femtedel i tillegg til den dei har gjort urett mot.
8 Men dersom den andre ikkje har nokon løysingsmann som kan ta imot vederlaget, skal det gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsvêren som han ofrar til soning for syndaren.
9 Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans.
10 Alle heilage gåver skal vera hans. Alt nokon gjev til presten, skal vera hans.
11 Herren sa til Moses:
12 Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avvegar og er utru mot mannen sin,
13 og ein annan mann har samleie med henne. Men mannen hennar veit ikkje om det, for ho har gjort seg urein i det skjulte. Det er ikkje vitne, og ho blir ikkje teken på fersk gjerning.