1 Herren sa til Moses:
2 Tal til israelittane og sei til dei: Om nokon, mann eller kvinne, høgtideleg gjer ein nasirearlovnad og vier seg til Herren,
3 skal han halda seg borte frå vin og sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller av sterk drikk. Han skal heller ikkje drikka noka saft som er laga av druer, og ikkje eta druer, anten dei er friske eller tørka.
4 Så lenge han er nasirear, skal han ikkje eta noko som kjem frå vinstokken, ikkje eingong druekjernar eller skal.