18 Så skal nasirearen barbera det vigde hovudet sitt ved opninga til teltheilagdomen. Han skal ta håret som var vigd, og leggja det på elden som er under fredsofferet.
19 Presten skal ta den kokte bogen av vêren, ei usyra kake frå korga og ei usyra kjekskake og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har barbert av seg det vigde håret.
20 Dette skal presten svinga for Herrens andlet som eit svingeoffer. Det er helga til presten saman med brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.
21 Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.
22 Herren sa til Moses:
23 Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. De skal seia til dei:
24 Herren velsigne degog vare deg!