20 Dette skal presten svinga for Herrens andlet som eit svingeoffer. Det er helga til presten saman med brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.
21 Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.
22 Herren sa til Moses:
23 Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. De skal seia til dei:
24 Herren velsigne degog vare deg!
25 Herren la sitt andlet lysa over degog vere deg nådig!
26 Herren lyfte sitt andlet mot degog gje deg fred!