12 Den som bar fram offeret sitt første dagen, var Nahsjon, son til Amminadab, frå Juda-stammen.
13 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, og ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,
14 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,
15 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,
16 ein geitebukk til syndoffer
17 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Nahsjon, son til Amminadab.
18 Andre dagen kom Netanel, son til Suar, leiaren for Jissakar.