2 Då kom leiarane i Israel fram, dei som var overhovud for familiane og leiarar for stammane, dei som stod over alle som var mønstra.
3 Dei førte offera sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to leiarar og ein okse for kvar av dei. Desse førte dei fram til bustaden.
4 Herren sa til Moses:
5 «Ta imot desse! Dei skal brukast til arbeidet ved teltheilagdomen. Gjev dei til levittane, til kvar einskild etter det arbeidet han har.»
6 Moses tok vognene og oksane og gav dei til levittane.
7 Han gav Gersjon-sønene to vogner og fire oksar, etter det arbeidet dei hadde.
8 Han gav Merari-sønene fire vogner og åtte oksar, etter det arbeidet dei hadde hos Itamar, son til Aron, presten.