80 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,
81 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,
82 ein geitebukk til syndoffer
83 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahira, son til Enan.
84 Dette var gåvene frå leiarane i Israel til vigslinga av altaret, den dagen det vart salva: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler.
85 Kvart sølvfat var på 130 sjekel og kvar sølvskål på 70 sjekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2400 sjekel etter vekta i heilagdomen.
86 Dei tolv gullskålene som var fulle av røykjelse, vog 10 sjekel kvar etter vekta i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sjekel.