1 Herren tala til Moses i Sinai-ørkenen i den første månaden i det andre året etter at dei hadde gått ut av landet Egypt. Han sa:
2 «Israelittane skal halda påske til fastsett tid.
3 Den fjortande dagen i denne månaden, i skumringa, skal de halda høgtida til fastsett tid. De skal halda henne etter alle lover og forskrifter.»
4 Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske.
5 Dei heldt påske i Sinai-ørkenen, i den første månaden på den fjortande dagen, i skumringa. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde pålagt Moses.
6 Det var nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Dei samla seg framfor Moses og Aron same dagen.