3 Den fjortande dagen i denne månaden, i skumringa, skal de halda høgtida til fastsett tid. De skal halda henne etter alle lover og forskrifter.»
4 Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske.
5 Dei heldt påske i Sinai-ørkenen, i den første månaden på den fjortande dagen, i skumringa. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde pålagt Moses.
6 Det var nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Dei samla seg framfor Moses og Aron same dagen.
7 Desse mennene sa: «Vi kom nær eit lik og vart ureine. Kvifor blir vi nekta å bera fram Herrens offer på høgtida saman med dei andre israelittane?»
8 Då svara Moses: «Vent, så skal eg høyra kva Herren pålegg dykk.»
9 Herren sa til Moses: