1 Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.
2 Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!
3 Kva har mennesket att for sitt strev,for alt det strevar med under sola?
4 Slekter går, og slekter kjem,men jorda er alltid den same.
5 Sola går opp, og sola går ned,så stundar ho attendetil staden ho går opp.
6 Ho skin og går mot sør,så snur ho og går mot nord,medan vinden snur og skifterog tek til med rundgangen på nytt.
7 Alle elvar renn ut i havet,men havet blir ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.