Forkynnaren 7 N11NN

Kva er visdom?

1 Godt namn er betre enn fin salve,dødsdagen betre enn fødedagen.

2 Betre enn å gå til festmåltider det å gå til sørgjehus.For der endar alle menneske,det skal den som lever, leggja seg på hjartet.

3 Sorg er betre enn latter;eit sorgfullt andlet kan gjera godt for hjartet.

4 Dei vise har sitt hjarte i sørgjehuset,men dårane har hjartet i gledehuset.

5 Det er betre å bli klaga av ein vismannenn å bli lovprisa av ein dåre.

6 Som tornebuskar sprakar under gryta,slik lyder det når dåren ler.Dette òg er fåfengt.

7 Utpressing gjer den vise til dåre,å la seg kjøpa øydelegg sjølve hjartet.

8 Enden på ein ting er betre enn byrjinga,tolmod er betre enn hovmod.

9 Ver ikkje for snar til å bli sint,for harmen bur i bringa på dårar.

10 Sei ikkje: Kva kjem det avat alt var betre i gamle dagar enn no?Du spør ikkje slik om du er vis.

11 Visdom er jamgod med ervd jord,ei vinning for alle som ser sola.

12 Visdom gjev vern slik sølv gjev vern;å eiga visdom held ein mann i live.

13 Sjå på det som Gud har gjort!Kven kan retta ut det han har krøkt?

14 Er dagen god, så nyt han!Men er dagen vond, skal du tenkja påat det er Gud som har gjort det slikat den eine dagen kjem etter den andre,så menneska ikkje skal vitakva dagen som kjem, har med seg.

Klokt måtehald

15 Alt dette har eg setti mine kortvarige levedagar.Den rettferdige kan gå til grunnesjølv om han lever rettferdig,og den urettferdige kan leva lengetrass i sin vondskap.

16 Ver ikkje altfor rettferdig,og vis deg ikkje for klok!Kvifor vil du øydeleggja deg sjølv?

17 Ver ikkje altfor urettferdig,og ver ikkje ein dåre!Kvifor vil du døy før tida?

18 Det er godt at du held fast på det eineog heller ikkje slepper det andre.For den som har ærefrykt for Gud,skal lukkast med begge delar.

19 Visdom gjer vismannen sterkareenn ti mektige menn i byen.

20 Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jordasom berre gjer godt og aldri syndar!

21 Bry deg heller ikkje omalt det folk seier,elles kan det henda du må høyraat slaven din forbannar deg.

22 Du veit då i hjartet ditt at du ògmang ein gong har forbanna andre.

Kven kan finna samanheng?

23 Alt dette ville eg prøva med hjelp av visdomen.Eg sa: Eg vil vinna visdom,men han var langt borte frå meg.

24 Det som hender, er langt borteog djupt, djupt nede.Kven kan få tak i det?

25 Eg vigde hjartet mitt til å granska og leita,til å søkja etter visdom og samanheng;eg ville skjøna at lovløyse er tåpeleg,at dårskap er vanvit.

26 Då fann eg at beiskare enn dødener den kvinna som set snarer;hennar hjarte er eit garn og hendene lenkjer.Den som er god i Guds auge, slepp ifrå henne,men den som syndar, fangar ho.

27 Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,då eg la det eine til det andreog ville finna ein samanheng.

28 Eg leita støtt, men fann han ikkje.Eit einaste menneske fann eg mellom tusen,men aldri fann eg ei kvinne mellom dei.

29 Sjå, dette er det einaste eg har funne:Gud gjorde mennesket rakt og rett,men dei prøver så mange slag påfunn.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12