Forkynnaren 6 N11NN

Svolt i sjela

1 Eitt som er vondt har eg sett under sola;det kviler tungt på menneska:

2 Gud gjev ein mannbåde rikdom, gods og ære,så han ikkje manglar nokoav alt det han ønskjer seg.Men Gud lèt han ikkje nyta noko av det,det blir ein framand som bruker det opp.Det er meiningslaust, ja, beiskt og vondt.

3 Ein mann kan få hundre bornog leva i mange år.Men kor lenge han så lever –om han ikkje har glede av alt det godeog ikkje eingong får ei gravferd,seier eg at det ufullborne fosterethar det gått betre med enn han.

4 Fåfengt kjem det til verda,i mørker går det bort,og i mørker får det namnet sitt løynt.

5 Sollyset har det ikkje settog aldri kjent.Likevel kviler fosteret betre enn mannen.

6 Sjølv om han levdei to gonger tusen år,fekk han ikkje nyta det gode i livet.Går ikkje alle til same staden?

7 Mennesket strevar alltid for maten,men svolten i sjela blir aldri stilt.

8 Kva fordel har den vise framfor dårar?Og kva hjelper det ein fattig å vitakorleis han skal ferdast mellom menneska?

9 Betre det auga serenn det sjela trår etter.Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

10 Alt som er til,er nemnt med namn for lenge sidan,det er kjent på førehandkva eit menneske skal bli.Ingen kan føra sakmot den som er sterkare enn ein sjølv.

11 Dess fleire ord, dess meir fåfengt!Kva gagn har mennesket av det?

12 Ja, kven veit kva som er bestfor menneska her i livet,alle dei kortvarige daganedei lever som ein skugge?Kven kan fortelja menneskakva som skal henda etter dei under sola?

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12