7 Alle elvar renn ut i havet,men havet blir ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.
8 Alle ting går sin strevsame gang,menneskeord strekk ikkje til.Auget blir ikkje mett av å sjå,og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
9 Det som har hendt, skal henda igjen,og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.Ingen ting er nytt under sola.
10 Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt»,har det likevel hendt i tidlegare tider,lenge før oss.
11 Ingen minnest det som hende før.Og det som skal koma,vil heller ingen hugsai slektene som følgjer.
12 Eg, Forkynnaren, var kongeover Israel, i Jerusalem.
13 Eg la meg på hjartet å undersøkjaog granska med visdomalt som blir gjort under himmelen.Det er eit vondt strevGud har gjeve menneskaå plaga seg med.