9 Det som har hendt, skal henda igjen,og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.Ingen ting er nytt under sola.
10 Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt»,har det likevel hendt i tidlegare tider,lenge før oss.
11 Ingen minnest det som hende før.Og det som skal koma,vil heller ingen hugsai slektene som følgjer.
12 Eg, Forkynnaren, var kongeover Israel, i Jerusalem.
13 Eg la meg på hjartet å undersøkjaog granska med visdomalt som blir gjort under himmelen.Det er eit vondt strevGud har gjeve menneskaå plaga seg med.
14 Eg såg på kvar gjerningsom blir gjord under sola.Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
15 Det som er kroket, kan ingen retta opp.Det som manglar, kan ingen telja.