10 Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,må han bruka dess større kraft.Men den duglege veit å bruka visdomen sin.
11 Om ormen høgg før maningsord er sagt,kva gagn har manaren då av si kunst?
12 Ord frå den vises munn vinn velvilje,men dårens lepper gjev han forderving.
13 Han byrjar med å tala dårskap,og han sluttar av med det reine vanvitet.
14 Ja, dåren bruker mange ord.Mennesket veit ikkje kva som skal henda.Kven kan fortelja hankva som kjem til å henda når han er borte?
15 Dåren masar så han blir trøytt,han som ikkje eingong veit vegen til byen.
16 Ve deg, du land som har eit barn til kongeog stormenn som held gilde når morgonen gryr.